Romania

Villmarksjakt i Karpatane

Romania er ein heilt unik destinasjon for ekte villmarksopplevelser og jakt i sin opphavlege form. Her er det gamle tradisjonar for jakt og etter kommunismens fall har mang ein eventyrlysten jeger fått oppleve dette landet. Fantastisk urørt natur og gode bestandar av kronhjort, gemse, villsvin, rådyr, dåhjort, bjørn og ulv tiltrekker jegerar frå heile verden.

Karpater kronhjort

I Karpatene som nærmast deler landet finn ein sterke bestandar av kronhjortar som er Europas største. Karpaterhjortar er berømte for sin størrelse og ikkje minst at ein jaktar i ekte villmark!

Her krevst det ein viss fysikk for å nyte jakta. Her finst verken vegar eller landbruksområde.
På grunn av dei høge bestandane av rovvilt beveger hjortane seg over store områder i brunsten, dei er ikkje territoriale slik som i Ungarn/Polen. Kroppstørrelsen er Europas største, men og trofé storleiken er heilt i toppen. Hjortar frå 7-12 kg er normalen, med lange stenger og lange taggar.

Hjortejakta arrangerast stort sett på gradert prisliste, men på enkelte revir har eg moglegheit til å tilby gunstig fastpris.


Karpater gemse

Den Karpatiske gemse, er den største underarten av gemsane. Denne jakta arrangera eg i ulike private revir sør i Karpatane i og rundt Făgăraşfjella, alt etter jegers fysikk. Det er her verdsrekorden på 141 CIC falt, samt mange andre topptrofé. Jakta blir i hovudsak arrangert på prisliste, men har moglegheit til å arrangere nokre få fastprispakkar på gemse opp til 110 CIC. 

Dåhjort

Eg arrangerer fantastisk jakt på dåhjort i Socodor som ligg vest i landet mot grensa til Ungarn. Her samlast oppimot 2000 dåhjortar seg i brunsten. Sjølv om du ser utrulege mengder med dåhjortar er det ikkje enkelt å komme på skothald, og du må være forberedt på krevjande skyting på lange hald.


Eg arrangera og jakt på dåhjort i Argeș som ligg  150 km nord vest for Bucuresti, her blir jakta arrangert på fastpris.

Bukkejakt

Bukkejegeren ser gjerne til Polen, Ungarn eller Storbritannia når målet er kapitale råbukkar,

men Romania bør være med i vurderinga.

Områder både øst og sør for Karpatane har ei selektiv forvaltning og høg kvalitet på sine råbukkar.

Her er det fleire revir som årleg har avskyting på fleire bukkar mellom 600-800 gram brutto. Jakta kan arrangerast på prisliste og fastprisar. Både vårjakt i mai og brunstjakt i juli/august er mogleg.

Villsvin

Romania er kjent for sine store villsvin. Galtar med vekter over 200 kg og i sjeldne tilfelle opp mot 300 kg kan jaktast her. Romania har ikkje like tett bestand som ein del andre destinasjonar, men når det kjem til storleik er Romania på topp. Individuell postering/smygjakt kan arrangerast heile året, men vintermånadane er sikrast for eit topp resultat.


Eg tilbyr drivjakt i Buzau fylke sør aust i landet, frå 15. november og ut januar. Områda her har ein bra tettheit av villsvin, og drivjaktene arrangerast med høg suksess. Drivjakt i Romania er noko du skal vurdere om drøymen er ein massiv galte i toppklassen!