Spania


Fjelljakt på pyrenéhalvøya


Spania er eit interessant jaktland, med gamle tradisjoner for jakt. Her er moglegheitane gode for utfordrande jakt i spanske fjell frå nord til sør. Her kan du rekne med høg klasse på jakt, kost og losji. På alle mine jakter blir du motteken av min samarbeidspartner på flyplassen, og han hjelper til med deklarasjon av våpen/ammunisjon. Deretter blir det transport til jaktområdet og innkvartering.


Min samarbeidspartner i Spania eig sjølv eit 55000 hektar stort revir i Teurel regionen, på dette reviret har han ein framragande stamme med Beceite steinbukk og ein mindre stamme med rådyr. Han forvaltar sitt revir særs godt, og har ein høg alder på steinbukkane som er til avskytning.

Rådyr stammen er ikkje stor, men til gjengjeld er kvaliteten på bukkane meget høg. Her kan du felle dit livs bukk, men som vanleg krev det noko flaks.

Ikkje langt frå Beceite reviret kan eg i samband med partneren min arrangere aoudad/mankefår jakt på fri viltbane. Ei utfordrande jakt som føregår i fjellområda nord vest for Valencia på eit unikt trofe i Europeisk samanheng.

Eg kan og arrangere jakt i Spania på dei 3 andre steinbukk underartane som Gredos, Rhonda og Sierra Nevada steinbukk.

Jakt på Iberisk muflon, kronhjort og Cantabrian gemse kan og arrangerast. Kombinasjoner av fleire artar på ein tur er fult mogleg. Ta kontakt for å diskutere dine ønskjer.