Frankrike

Europas ukjente jaktperle

Frankrike er eit ukjent jaktland for mange, men eg tykkjer dette er ein av jaktperlene i Europa.

Her finn ein høge bestandar av gemser i Alpane og Pyreneane.

Kronviltet trivst og godt i fjellsidene i Pyreneane.

Førsteklasses bukkejakt i områda rundt Toulouse.

Frankrike er og ein førsteklasses destinasjon for å kombinere jakt med ferieopphald.

 

Pyreneisk gemse

I Pyreneane ventar ei krevjande jakt i ein fantastisk natur. Denne gemsa er ikkje like stor som nokre av dei andre underartane, men med sine gylne teikningar er den etter mi meining den vakraste.

Det krevst ein viss fysikk for å nyte denne jakta, ein jaktar frå 600-2000 moh.
Du skal og være forberedt på skothald opp mot 300/350 meter.

Alpinsk gemse

Den alpinske gemse er den mest utbreidde underarten, og kan jaktast i mange ulike land i Europa.

Eg tykkjer Frankrike har den beste kombinasjonen av natur, trofékvalitet, og pris.

Denne jakta arrangera eg nord om Marseille i eit 15000 hektar stort revir, omtrentleg 30% av gemsane er over 95 CIC poeng.

Bukkejakt

Dei seinare åra har det blitt felt ein del verkelege topptrofé i Frankrike. Områda rundt Toulouse har blitt eit kjent område for bukkejegeren som er på utkikk etter store bukkar. Revira som eg har tilgang på ligg nord om Toulouse i eit flott kulturlandskap, her er det smygjakt mellom vinranker og frukttrær.

Rundt 100 bukkar blir felt på desse revira årleg, snittvekt på bukkar er 350 gram netto. 20% av bukkane er over 450 gram netto. Du skal ikkje rekne med å felle berre medaljebukkar på denne jakta, men ein blanding av fine gamle sekstaggara og enkelte medaljebukkar. Fastpris per bukk.

Kronhjort

I Pyreneane er det sterke stammar med kronvilt. Jakta går føre seg i Aude regionen ikkje langt frå Perpignan. Her jaktar vi hjortar opp til 14 taggar, for å bevare kvaliteten på kronviltet er hjortar større enn dette freda. Normalt sett kan du rekne med trofévekter mellom 6-8 kg.