Gyulaj


Statsrevir Gyulaj



Ungarn er kjent for å være det store jaktlandet i Europa, dette er ikkje utan grunn. Heile landet er viltrikt og tradisjon for spesifikk forvalting for å få fram det beste ut av viltstammene går lang tilbake. Vi har vært so heldige å få til eit samarbeid med det som kanskje er det beste statsreviret i heile Ungarn, nemleg Gyulaj. 


Gyulaj består av 4 ulike revir på til saman 28 540 hektar og ligg i Tolna fylke sør for Balatonsjøen.

Alle revira har fantastiske jakt og by på. Gyulaj og Pincehely er verdskjent for sine dåhjortar og ikkje mindre enn 5 verdsrekordar kjem frå desse revira. Når det er snakk om kronhjort i Ungarn blir ofte revira Hőgyész og Pincehely nemnt. Årleg fellast det fleire kronhjortar med ei trofévekt på over 10 kg og gjennomsnittleg trofévekt er mellom 8 og 9 kg.


Fantastiske drivjakter på villsvin og hinder/kalvar blir organisert på alle 4 revir. Desse kan arrangerast enten på fri viltbane eller i dei spesielle hegna for villsvin som er lavt hegna slik at anna vilt kan gå inn og ut. Eller i ein kombinasjon av fri viltbane og hegn. Nokre av villsvinfeber filmane frå Hunters video er filma i desse revira.


Prisgunstig reguleringsjakt på villsvin, hinder/kalvar med mange skotsjansar kan arrangerast seinhaustes og i vintermånadane.


Områda sør for Balatonsjøen er ikkje kjende for sine rådyrstammar slik som lengre aust i Ungarn, men Pinchely har ein sterk rådyrbestand som byr på god bukkejakt om våren og i brunsten.


Sjå meir spesifikk info om kvart enkelt revir under.