Bulgaria

Perla på Balkan


 

Bulgaria er ein av dei mindre kjende jaktdestinasjonane i Europa, men Bulgaria har ein rikt artsmangfald og mange moglegheiter for innhaldsrike jakt og opplevingar.

Jaktreisene arrangerast i samarbeid med vår partner Konstantin Kotsev som driv Bulgarian Hunt Service. Konstantin har arrangerer jakt for tilreisande jegerar sidan 1993 og har god kjennskap og samarbeid med gode statlege og private revir over heile landet. Saman kan vi arrangere det meste av jakt i Bulgaria med stor von for suksess.

 Bulgaria er mest kjent for sine sterke kronhjortar som har tilhald nordaust i landet på den Donauske sletta og store galtar som har tilhald i Balkan-og Rodopifjella. For utanom kronhjort og villsvin er det gode moglegheiter for riktig bra jakt på dåhjort, muflon og Balkan gemse på utvalde revir. Ulvebestanden aukar i Rodopi -og Balkanfjella, her kan det være gode sjansar for suksess i vintermånadane ved åtejakt. 

Under finn dykk eit utval av det vi kan tilby, nokre revir har eigne prislister. Ta kontakt for konkrete tilbod etter dine ynskjer.

Kronhjort 

 

I det nordaustlege delen av landet ligg dei beste områda for kronhjort i Bulgaria og kanskje i Europa. Jakta tek plass på fleire velkjente statsrevir, vi kan blant anna nemne Cherni lom, Dunav, Palamara og Sherba.

Tilgangen på mat av høg kvalitet og målretta forvalting over lang tid dannar grunnlaget for ein sterk kronviltbestand med eksepsjonelle trofé. Kronhjortar mellom 7-12kg er normalen, men kvart einaste år blir det felt fleire over 12kg.

Lenger sør i Rodopi -og Balkanfjella arrangera vi jakt etter kronhjortar i 5-9kg klassen. Dette er ei meir fysisk krevjande jakt som eignar seg godt for kombinasjon med jakt etter andre artar som muflon, gemse og villsvin. 


Balkan gemse

Sør i Bulgaria mot grensa til Hellas ligg fjellkjeda Rodopi. Her har vi moglegheit å tilby jakt etter Balkan gemse på 4 statlege revir frå 9.000 hektar til 42.000 hektar. Jakta går føre seg frå 9oo moh til 1800 moh, og blir tilpassa jegers fysikk. Jakttida for gemse er delt opp i forhald til hodyr og hanndyr. Geitene er jaktbare frå den 15. september og ut oktober. Hanndyra er jaktbare frå 1.desember og fram til 15.januar og igjen frå 10.april til 10.mai. I forhald til revira sin avskytingspolitikk er gemser frå om lag 95CIC og oppover jaktbare.



Dåhjort og muflon


Dåhjort har  tilhald på fleire revir i Rodopane og Balkanfjella, her vil eg spesielt trekke fram reviret Studen Kladenec som verkeleg har ein stor bestand av dåhjort av framifrå kvalitet. I tillegg til dåhjort er det bra med villsvin samt muflon og ulv på Studen.


Muflon som dåhjorten har tilhald i Rodopi- og Balkanfjella og er jaktbare heile året. Revira Jenda og Izvora har ein god bestand der ein kan rekne med trofé på 75/80cm. Izvora har i tillegg kronvilt, gemse, villsvin, rådyr, dåhjort og ulv. Eit verkeleg spesielt revir med mykje vilt som eignar seg godt for jakt på ein eller fleire artar med topp organisering.

Reguleringsjakt/drivjakt 


På utvalde statlege revir nordaust i landet kan vi arrangere prisgunstig reguleringsjakt på hinder/kalvar, villsvin og gullsjakal frå oktober og ut januar. Alle revir har ein riktig bra bestand av kronvilt og nokre har dåhjort i tillegg. Villsvinbestanden har fått seg ein knekk grunna ASF, men det ser ut til at bestandane er på veg opp igjen. Inntil vidare arrangerer vi ingen drivjakter då resultata ikkje vil bli gode nok, men individuell jakt på store galtar er mogleg på mange revir i Balkan- og Rodopifjella.



Ulvejakt i Rodopi-og Balkanfjella


Bulgaria har ein aukande bestand av ulv med eit estimat på 1300 stk som aukar. Hovudtyngda har tilhald i fjellkjedene Stara Planina(Balkanfjella) og Rodopane. Ulven er jaktbar heile året, men best moglegheit for suksess gjev åtejakta i vintermånadane. Spesielt ved snø på marka. Vi har fleire statsrevir og private revir som vi arrangera ulvejakta på, det er snakk om store areal på over 140 000 hektar. Jakta går føre seg frå 400- 1900moh.