Polen

Jakt i Polen

Polen er jaktland nr 1 i Europa og det med god grunn. Fantastiske jaktmoglegheiter ventar den reiselystne jeger.

Prektige Kronhjortar som kan få fram skjelven hos dei fleste. Vårjakt og brunstjakt på råbukkar i eit frodig landskap. Høge bestandar med villsvin som kan jaktast store deler av året, gjennom ulike jaktformar. Hendelsrike drivjakter på fleire artar for den som har god sving på børsa. Gode bestandar av dåhjort og muflon finst i enkelte områder.

Moglegheitene er nærmast endelause og eg kan tilby det meste i Polen


Kronhjortsjakt

Stammar av kronvilt finst i alle regionar til Polen, men kvaliteten og tettheita varierer. Jakttida startar 21 August og varer ut februar. Brunsten startar allereie i dei siste dagane i august i nord vest, lenger aust er den noko seinare . Desember og januar kan og være ei god tid for kronhjort på visse revir, ofte då i kombinasjon med hodyr/villsvin.   


Her kjem eit lite utval av mine revir, har tilgang på både statsrevir(OHZ) og jaktklubbar. Prisane vil stort sett variere mellom revir til revir. Ta kontakt om du vil oppleve nervepirrande brunstjakt på den europeiske kronhjort!

 

Bukkejakt

Rådyra er talrike i Polen, dei aller fleste regionane vil kunne by på gode jaktopplevelsar.

Eg kan tilby vårjakt og jakt på sommarraude bukkar i brunst til den dedikerte bukkejeger.

Har revir over heile polen og  i samråd med deg som jeger, finne vi det rette revir til deg.

Eg arrangerer bukkejakt på fastprisar, graderte fastprisar og etter prisliste.


Her er eit lite utval av bukkerevir, med forskjellige kvalitetar.

Muflon/Dåhjort/Hodyr

Muflonen, europas einaste villsau kan jaktast med stor suksess i Polen. Jakta er på fri viltbane slik som all jakt i Polen. Gode bestandar finst i sør vest mot grensa til Tsjekkia og i områda rund Poznań og Bydgoszcz. Dåhjort finst i dei same revira, når det gjeld dåhjort kan ein ikkje forvente dei største trofea. Men kvaliteten på dåhjortane er aukande, og fine hjortar på 3-3,5 kg kann du forvente.


Revira mine for Muflon er nokre av dei beste i Polen, vil spesielt framheve statsrevir Racot. Her er medaljeværar regelen og ikkje unntaket. 70-90 cm er normalen her, og med tjukke basar opp mot 30 cm  i omkrets. Det er gode moglegheiter for å kombinere jakt på muflon og dåhjort, brunsten deira startar i midten av oktober og varar til November.


Avskytningsjakt på hodyr og villsvin på Racot er noko eg vil anbefale i Desember/Januar, her er det gode bestandar av kronvilt, råvilt, dåvilt, villsvin og muflon. Kan i mange tilfeller kombinerast med jakt på trofebærande kronhjort, dåhjort og muflon hvis dette er ønskelig.

Drivjakter

Eg arrangerer drivjakter med høg kvalitet både på fastpris og prisliste.

Drivjaktene blir arrangert frå 1.november til 15.januar. Jaktene føregår både i statsrevir og jaktklubbar. Typar vilt som kan fellast variere utifrå revir, men villsvin, kronvilt og råvilt kan alltid fellast.

Enkelte revir kan og by på dåhjort og muflon. Antall jegerar varierer frå 15-20 stk.

 

To eksempel under av drivjakter som garantert leverer varane.