Generelle vilkår


Bestilling og betaling

Ved ei bestilling innbetalast depositum innan 14 dagar. Depositumets storleik er normalt sett på 50% av reisas kostnad. Når depositumet er betalt er påmeldinga bindande, likeins vil desse generelle vilkår være godtatt når depositum er betalt. Resten av reisas kostnad innbetalast seinast 45 dagar før avreise om ikkje anna er avtalt. Blir ikkje dette gjort innan fristen, kan Relia Jaktreiser annullere reisa og depositum samt trofédepositum kan ikkje krevjast refundert. Kunden er ansvarleg for å kontrollere at reisestadfestinga er i samsvar med bestillinga og må ta kontakt med Relia Jaktreiser ved eventuelle feil/manglar.      

 

Avbestilling

Relia Jaktreiser betaler inn depositum til sin samarbeidspartnar for å sikre påmeldinga. Ved avbestilling av ei reise tidlegare enn 90 dagar før avreise, blir depositum tilbakebetalt under forutsetninga at Relia Jaktreiser får refundert depositum frå sin samarbeidspartner. Ved eventuell tilbakebetaling av depositum vil det være eit frådrag på kroner 4000,-  i avbestillingsgebyr. Avbestillast reise mindre enn 90 dagar før avreise, er heile reisas pris samt eventuelle trofédepositum forfalt til betaling. Angrefrist gjelder ikkje for reiser frå Relia Jaktreiser, jfr. Lov om Angrerett §22 ledd a og m. Relia Jaktreiser anbefaler på det sterkaste at kunden har reiseforsikring(avbestillingsforsikring) som kan dekke dette ved evt. sjukdom og andre uventa hendingar.

 

Endringar før og under reisa

Ynskjer kunden å endre reisa etter bestilling vil dette kunne ordnast i mange tilfelle, i somme tilfelle kan Relia Jakttreiser måtte krevje gebyr for endring av reisa. Må Relia Jaktreiser endre eller avlyse reisa i forbindelse med sjukdom, varslast kunden snarast om dette. Kunden og Relia Jaktreiser kjem då til einigheit om endringar evt. kompensasjon. Kunden har ikkje rett på erstatning eller kompensasjon ved ei endring/avlysing forårsaka av ein tredjepart. Reisa kan overdragast til andre under forutsetning av at det kan endrast flybillettar og at eventuelle gebyr betalast. Kunden er ansvarleg for dette. Kunden har ikkje krav på erstatning/kompensasjon ved eventuelle forhald/hendingar som oppstår utanfor Relia Jaktreiser sin kontroll som medfører at ei reise ikkje kan avviklast.

 

Avbryting/ikkje oppmøte

Viss kunde avbryter jakt/opphald vil det ikkje bli refundert for ytingar som kunde ikkje har motteke. Viss kunde ute blir frå avreisestad(Flyplass) eller ikkje kan reise pga. ugyldig eller manglande pass eller andre nødvendige reisepapir kan det ikkje krevjast refusjon/kompensasjon av Relia Jakttreiser for dette.

 

Flybillettar/flyreise

I mange tilfelle bestiller kunden sjølv flybillettar basert på reiseplan frå Relia Jaktreiser. I dei tilfella der Relia Jaktreiser står for bestilling av flybillettar kan desse normalt sett ikkje endrast eller avbestillast. Kunden har ansvar for opplyse om korrekt namn som samsvarar med pass. Det er kundens ansvar og kontrollere at billettar stemmer med tid, stad og namn. Kunden er sjølv ansvarleg for å sjekke inn til riktig tid og at alle papir som bagasjelappar og boarding card på alle strekningar blir utstedt. Ved eventuelle endringar i flytider er det kunden sitt ansvar å halde seg oppdatert om desse. Relia Jaktreiser har ikkje noko ansvar for tap av jaktdagar pga. flystreik eller forsinkelsar. Relia Jaktreiser anbefala på det sterkaste at kunde teiknar reiseforsikring.


Våpen og ammunisjon

Relia Jaktreiser informera kunde om korleis kunde skal medbringe våpen og ammunisjon  under reisa. Våpenet må transporterast i eigen låsbar våpenkoffert, sluttstykke og all ammunisjon må pakkes separert frå våpenet i anna koffert – gjerne i et metallskrin i original emballasje. Dersom kunde bestiller flybillettar er kunden sjølv ansvarleg for å informere flyselskapet på førehand at ein reiser med våpen. Når Relia Jaktreiser står for bestilling av flybillettar vil Relia Jaktreiser informere flyselskapet om dette. Oppstår det endringar i våpenbestemmelsar, eller at våpen, ammunisjon eller koffert ikkje kjem fram til destinasjon er ikkje Relia Jaktreiser ansvarleg for dette. Dette gjev heller ikkje rett til å avlyse jakta, Relia Jaktreiser sørger for eit leigevåpen innan to dagar.

Relia Jaktreiser er ansvarleg for å innhente nødvendige våpenløyve/lisensar for kunde i det landet som jakta skal gå føre seg. Kunden er ansvarleg for å ha med seg gyldig Europeisk våpenpass og norsk våpenkort.

 

Ansvar og atterhald

Relia Jaktreiser AS formidlar jakta til sin utanlandske samarbeidspartner, og kan ikkje haldast ansvarleg verken økonomisk eller rettsleg for upåreikna hendingar ved naturkatastrofer, terror/krigshandlingar, flystreikar, dyre-epidemiar, ASF og eller andre forhald/hendingar som er utanfor vår kontroll. Relia Jaktreiser tar og atterhald for skrivefeil/trykkfeil, prisendringar ved markante endringar i kurs andre forhald utanfor  Relia Jaktreiser sin påverknad. Relia Jaktreiser er medlem av reisegarantifondet og kunden er sikra full tilbakebetaling ved firmaets eventuelle konkurs. Relia jaktreiser er formidler av jakta, men er ikkje ansvarleg jegerar, drivera eller andre under jaktutøvelsen/reisa. Eventuelle hendingar som måtte oppstå pga. feilaktig jaktleiing og eller andre forhald under jaktutøvelsen/reisa som medfører skade på personar eller materiell er ikkje Relia Jaktreisers ansvar.

Relia Jaktreiser er ansvarleg for å informere kunde om jaktlandets regelverk/bestemmelsar, men det er kundens sitt ansvar å etterfølgje desse. Relia jaktreiser har ikkje ansvar for jegerar/kunder som blir bortvist frå jakta pga. alkohol og  eller andre forhald som kan utgjere ein risiko for sikkerheita. Slike brot gir ikkje Kunde rett til erstatning/refusjon for manglande vidare jakt frå Relia Jaktreiser.

 

Import/eksport av trofé

Import og eksport av jakttroféar er regulert av lovar og reguleringar i landet dei blir eksportert frå og inn til. Kunden er ansvarleg for å følgje desse lovane/reguleringane. Relia Jaktreiser vil gje råd og rettleiing i denne prosessen, men er ikkje ansvarleg for transporten. Relia Jaktreiser har ikkje ansvar for endringar i lovverket angåande import/eksport, skulle det skje endringar i lovverket etter at jakta er bestilt fram til eksport/import av Trofé har ikkje Relia Jaktreiser noko ansvar i samband med dette. Relia Jaktreiser har gode kontaktar med ulike transportselskap og taksidermistar og kan anbefale desse, men det kan skje uhell. Relia Jaktreiser er ikkje ansvarleg for dette etter at troféet er levert i god stand til taksidermist/transportselskap.

 

Trofeavgifter

Troféavgifter er oppført etter kva slags valuta det skal betalast med i dei ulike landa, i dei fleste tilfelle vil dette være i Euro. Troféavgifter skal betalast kontant på staden, med mindre du som kunde har kjøpt ein pakke der trofea er inkludert i prisen. I nokre tilfelle vil eventuelle troféavgifter bli fakturert direkte etter heimkomst. Kunde er ansvarleg for å avgjere om montering av trofé skal skje i jaktlandet eller i Noreg. Einkvar form for pakking og transport av trofé er kundens eige ansvar.


Reklamasjon/klager

Oppstår det uønskt hendingar eller problem er det viktig at det tas opp direkte på staden og til Relia Jaktreiser på tlf:95205880. Det er et krav for en eventuell kompensasjon. Det skal og førast i eventuell protokoll etter jakta er over. De aller fleste problem vil kunne løysast direkte utan vidare.


Rettigheiter

Relia Jaktreiser har alle rettigheiter til tekst og blider på heimeside. Alle blider og videoar som blir sendt til Relia Jaktreiser frå kundar, kan fritt brukast av firmaet.